Betre gardsdrift i det norske landbruk ved digitalisering

Korleis kan ein betre gardsdrift i det norske landbruk ved digitalisering?

Eit bilete av ein traktor, og ein PC
Kva kan resultatet bli når ein kombinerer traktor og IT?

Dette er eit spørsmål eg ofte går og tenkjer på. Eg er utdanna innanfor IT, men eg er nok ein bonde inst inne i hjartet mitt. Heldigvis, så er moglegheitene store for å kunne kombinere desse. Ein trend eg ikkje liker er at det kvar einaste dag blir mindre av norsk landbruk, mens det industrialiserte landbruket stig frem på bekostning av miljø og helse. Det siste eg las om er at lakseoppdrett går utover rekefisket. Det er greit at lakseoppdrett produserer mykje mat, men når opprettsbedriftene regelrett ikkje bryr seg om ei berekraftig utvikling, så har det gått for langt. Ein representativ artikkel om det eg pratar om er Henlagt fordi alle gjer det, som omtalar korleis alle slepp ut farlige kjemikaliar i havet, og gjer at rekene forsvinn. Når ein ser effektane så fort av dette, så kan ein spørja seg kor lang tid det går før rekene forsvinn for godt. Rekene er berre det siste ein høyrer om dette, og bruk av Narasin i kyllingproduksjon er eit anna eksempel.

Oppdrett av laks
Bilete av lakseoppdrett. Henta frå Mattilsynet.

Eg meiner nok at land- og jordbruk i mindre skala er vegen å gå. Prisen på mat vil nok bli noko dyrare, men i snitt brukar berre den norske husstand 11% av si inntekt på mat. I 1958 gjekk over 40% av inntekta til innkjøp av mat, i følgje SSB.  Om dette skal bli ein realitet, så må den norske forbrukaren vere viljog til å betale meir for maten. Gevinsten er fleire arbeidsplassar i Noreg for bønder og matforedlarprodusentar, mens forbrukaren får mat med mindre sprøytemiddel og antibiotika. Den store industraliserte driften er ikkje berekraftig med dagens metodar, og derfor er vi nødt til å satse på gardsbruka rundt om i Noreg.

Noreg burde ha som mål å vere så sjølvforsynt som mogleg med mat. I ein rapport gjort av Virke, så kjem det fram at halvparten av all norsk mat er importert, med ei utvikling på 8,3% meir importert mat i 2014, sammenligna med 2013. Om ein ser bort i fra prisen på mat, arbeidsplasser, og ei ikkje berekraftig utvikling, så er nok mi største bekymring for kva som ville skjedd dersom Noreg skulle hamne i krig og vi fekk problem med matvareimport. Kan du tenkje deg ein situasjon, der vi hadde mista halvparten av all mat i Noreg?

Mine besteforeldre pratar ofte om korleis livssituasjonen var under andre verdskrigen i Noreg. Dei var i ungdommen når tyskarane kom, og det var ein enorm mangel på både mat, og andre ressursar. Folk gjorde alt dei kunne for å overleve, og dette er ikkje meir enn 70-80 år sia. Bestefar min fortalde på denne tida korleis byfolk kom ut til bygdane for å få tak i mat. Dei hadde nemleg pengar, men mat var det ikkje råd å få kjøpt. Mine forfedre kom seg gjennom krigen ved å selje mat som grønnsaker, kjøt, egg, korn, samstundes som dei hadde 12 senger til utleige. Dette er berre ein generasjon tilbake.

Ein kan spørja seg kva slags veg utviklinga har gått når kornprisen var 3 gonger høyere på 50 talet, eller at  kjøtprisen står stille. Mjølkeprisen har også tredobla seg sidan 1985, mens pengane som bonden får berre har auka med 80%.  Det er mange faktorar som spelar inn på dette, men eg konkluderar med at bonden ikkje vert sett nok pris på. Å vere bonde er nemlig Norges farligeste yrke, samstundes som dei må arbeide omtrentleg kvar einaste dag. Bonden fortjener så mykje meir enn dårlige matprisar, så ver bevisst på dei produkta du kjøper. Kjøp norske matvarer der du kan, og støtt dei norske bøndene.

Men det er nok synsing frå mi side, og har du innspel til det eg har skrive, så vil eg gjerne høyre dette i kommentarfeltet under! Men, eg kan jo såklart ikkje klage, utan å kome med løysingsforslag på dette temaet. Eg brukar ofte å introdusere meg sjølv som gardsbrukar, og IT nerd, og tenkjer ofte på korleis ein kan kombinere desse interessane. IT ser eg på som «eit redskap i verktøykassa», med eit enormt potensiale for å skape verdi. Nå må det seiast at det finst allereide mange digitale hjelpemiddel som gardbrukaren kan benytte seg av, men denne artikkelen har fokus rundt nytenkjing. I fremtiden kan eg nok finne på å skrive eit innlegg om eksisterendes teknologi, og korleis det har påvirka gardsbruket.

Korleis kan ein få meir lønsamt gardsdrift ved hjelp av modernisering og digitale hjelpemiddel? Under, så vil du finne ei lang liste over moglege tiltak som kan gjerast. Det rangerar frå dyrking tå grønnsaker inne året rundt, til forslag om forskjellige dataprogram/apper som bonden kan ha bruk for.

Hydroponics

Bilde av Hydroponic grønnsaksdrift
Planting av salat i ein Granpa Dome. Biltene henta frå http://granpa.co.jp/

Hydroponics er å dyrke grønnsaker, utan bruk av jord. Røtane ligg i ei vassløysing som inneheld næring, som planta så trekk til seg. Ein kan bruke sollys, eller ein kan kjøpe seg elektrisk lys som tilsvarar sollys. Det vil seie at ein kan både gjere dette ute, og inne. Kor fantastisk hadde det ikkje vore å hatt tilgang til friske grønnsaker året rundt? Systemet kan lages fullstendig automatisk ved at ei datamaskine styrer lyskontroll, vatning, og andre viktige variabler. Du treng altså berre å så frøet, og høste avlingen. Det kan også gjeres fullstending økologisk, og bruker opp til 95% mindre vatn enn tradisjonell grønnsaksdyrking. Insekt, og soppar på plantane er omtrent ikkje eksisternade. Under kan du så ein video om Granpa Dome, som er eit godt eksempel på det eg pratar om. Eit gigantisk drivhus, laga av ein frå Japan med ein visjon om å kunne sette opp disse kvar som helst i verda for å kunne brødfø flest mogleg.

Sau

Sau er noko vi har mykje av i Noreg, men det er ikkje alltid like lett å hente dei heimat om hausten. Eit anna problem er å vite når dei er skada, eller tekne av rovdyr. Ved hjelp av moderne teknologi så kan dette forenklast, og under presenterar eg to forskjellige metodar som kan hjelpe bonden å forenkle sauedrifta.

Bilde av sau på brygge.
Bilde av sau frå brygga på Gjende, henta frå facebook sida Gjendebåtene

Bruk av drone for å sanke sau

Bilde av ein som styrer ei drone for sauesanking i ein dal.
Bilete av testing frå sauesanking med drone. Henta frå http://gemini.no

Dette er nok lett ein av favorittane mine. Om du ikkje veit kva ei drone er, så skal eg forklare deg. Det er eit mini-helikopter som kan fjernstyrast omtrentleg som ein radiobil, og du får både kamera og GPS på dei. Kameraet direkteoverfører til fjernkontrollen du brukar for å styre drona, og du kan til og med få dei med infraraudt kamera for å enklare sjå sauen(Spesielt når «shoggen» har lagt seg!) . Dei kan styrast frå langt unna, noko som betyr at dei er perfekte for å sanke inn sau i Noregs store dalar. Sjå denne artikkelen for meir informasjon sjå gardsdrift.no.

GPS på kvar enkelt sau

Ja, du leste rett. Du kan faktisk nå ha GPS sporing på kvar einaste sau du har, til ein kostnad på 215,- kroner per sau + MVA per år. Bedrifta Topro i Gjøvik produserer sauebjeller som sender ut GPS signal kvar 4. time, og du kan altså spore sauen frå ei datamaskine. Fordelar kjem ved innsanking av sau på hausten, men kan også hjelpe bonden å finne sau som er skadd, dersom dei ikkje har bevega seg på over 4 timar. Dette kan du lese meir utdypande om i NRK sin artikkel Nå brukar også sau GPS.

Vatning av åker

Alle som bur på gard i områder som treng ekstra vatn veit kor mykje arbeid dette er, og det er ikkje alltid like lett å halde oversikt. Kanskje har du bratt helling på nokre deler av jordet ditt, slik at dette området kanskje treng meir vatn, eller kanskje du gløymer å tøme vannmålaren din slik at det blir vanskeleg å hugse kor mykje det faktisk har regna i området. Her kan også teknologien hjelpe til!

Det enklaste kan vere å lage eit dataprogram kobla opp mot yr.no som hentar ut værdata, og hjelp bonden med å planlegge ein vatningsstrategi. Den hentar da ut data om kor mykje som har regna, luftfuktigheit, og kor varmt det vil vere i denne perioda. Ut i fra dette lager programmet ein vatningskalender, som bonden da kan bruke.

Desverre, så veit vi alle alt for godt at ein ikkje alltid kan stole på værmeldinga. Ei videreutvikling av denne ideen kan vere å sette opp forskjellige målarar på garden, som vil gje enda betre data å bruke.

  • Elektrisk regnmålar som lagrar nedbør kvar dag. Denne treng du berre ein av.
  • Luftfuktighetsmålar(Også kalla hydrometer). Kan plasserast rundt om på garden.
  • Jordfuktmålar. Målar fuktigheit i jord, og kan plasserast rundt om på jordet.
  • Solmåler. Viser kor mykje sol som har vore der den dagen.

Ein av fordelane ved å bruke slike målarar, er lagring av værdata. Historiske værdata er alltid kjekt å ha, for fremtidig planlegging!

Vatning av jorde
Vatning av jordet på Storvik.

Facebook for bonden

Bonden skulle hatt ein ny type sosial media platform som lignar Facebook, beregnet for bønder. Kanskje ein slags form for app også som lett kunne brukast frå telefonen? Ideen her er at det finst så mange fine sider ved bondelivet, som aldri blir vist frå si beste side til «mannen i gata». Eg vil gjere det enklare for bonden å syne fram både garden, dyra, foredla produkt, og avlingen sin. Andre ting som kan visast er bilete frå våronna, kva slags redskap som er i bruk, og korleis sjølve avlingen utviklar seg frå fro,  til ferdig hausta planter. Dette meiner eg vil bringe auka interesse for gardsbruk, og kan fungere som reklame for den individuelle bonde.

For andre brukarar av denne appen, så kan dei sjå på alle registrerte gardsbruk, og informasjonen dei legg ut. Dette gjer også at vegen for salg av produkter blir enklare, og dei som vil kan til og med selje produkta sine direkte via ein slik app. Ideen min er rett og slett å romantisere bondelivet, for å skape ein breiare forståelse i Noreg for bondeyrket. Sjå for deg turistar som kjøyrer gjennom Vågå, og så åpner appen. Plutseleg ser dei at eit gardsbruk i nærleiken sel ferske egg og bær, berre 5 minutt unna der dei er.  «Kom å sjå på våre høner, og kjøp ferske egg!», saman med eit bilete av hønane. Sjå for deg samtale rundt lunchbordet på arbeid etter ferien, «Ja, eg kjøpte egg hjå ein lokal bonde oppi Vågå. Eg fekk til og med sjå hønene som la egga!». Ved å ha ein lett tilgjengelig profil via ein slik app, så kan alle rundt bordet faktisk sjølve sjå kva for bonde, og gardsbruk dette er. Kanskje kjem dei sjølve på besøk til neste sommar, og kjøper egg?

Tilleggsfunksjonar

Men kvifor stoppe der? Når det kjem til teknologi, så er det stort sett berre fantasien som set grensene. Ein kan skape så mykje meir enn berre eit sosial media, og eg høyrte rundt om kva andre meinte. Ein av disse var Marit Sletten, som driv med fotografering i Lom, og er gardbrukar. Nettsida henner kan besøkast på http://maritsletten.no/.

Veterinærbestilling i app

Hennar ide var å implementere funksjonalitet slik at bonden kunne bestille veterinærtime direkte i app’en! Eg ser for meg at dette kan vere svært tidsbesparende, spesielt for sjølve veterinæren. Bonden kunne også fått direktevarsling i denne app’en om kor langt unna veterinæren er, med meir. Kvifor bruke tid på å ringje rundt, når slikt kan automatiserast? Bonden legg inn rask informasjon om kva som er gale, kva for dyr, og kor mykje det hastar å få hjølp. Til og med bilete av dyret som treng behandling kan leggjast inn. Nok ein gong, så er det berre fantasien som set grenser.

Få tak i avløysar

Ein gardbrukar treng ofte ekstra hjelp på garden, og her kan også ein app utnyttast til dette. Her kan ein gjere slik at også avløysarar kan registrere seg, med sine kunnskaper og redskaper.  «Avløysar ser etter arbeid i forbindelse med våronna. Har 75hk New Holland traktor med lastar», eller skogsdrift om vinteren. Det blir da eit slags prosjektstyringsverktøy i forbindelse med gardsdrifta, som forhåpentligvis forenklar arbeidet for både bonde og avløysar.

Konklusjon

Moglegheitane for modernisering ved hjelp av digitale verktøy er mange, og dette er berre nokre av mine tankar og idear rundt moderne gardsdrift. Eg meiner at ein må satse på norsk mat, og norsk gardsdrift for å bli mest mogleg sjølvforsynte i Noreg. Spesielt Hydroponics trur eg vil kome i stor grad, som gjer at vi kan få ferskare, billigare, og betre grønnsaker året rundt. Dette kutter CO2 i forbindelse med frakt av maten, samstundes som fleire arbeidsplassar blir skapt i Noreg. Det handlar om å sjå dei store moglegheitane, som vi saman kan skape.

Eg vil gjerne høyre dine tankar rundt dette temaet, og kommenter gjerne under. Skriv gjerne også forslag om kva eg burde ellers blogge om i forbindelse med teknologi! Takk for at du tok deg tida til å lese innlegget, og eg håpar at du lærte noko.

PS: Eg blir svært glad om du finn feil i nynorsken min, slik at eg får retta dei!

Leave a Reply

Your email address will not be published.